NorskPluss Alfa er eit nytt nettbasert læremiddel for barn, ungdom og vaksne innvandrarar som skal lære seg å lese og skrive på norsk. Det er mange lese-, lytte- og skriveøvingar til kvar bokstav.
NETTRESSURSEN GIR GOD AUDIOVISUELL STØTTE: Nettressursen gir lyd-og bildestøtte og inneheld mellom anna oppgåver i "skrive seg til lesing". Bilde frå Norskopplæringa i Sogndal.
- Systematisk bokstavtrening
- Lydering og heilordslesing
- Omfattande lyd- og bildestøtte
- Skrifttype ”Skoleskrift”, digitalt og på arbeidsark
- Eigne STL+-oppgåver med alle ord og setningar som blir presenterte
Elevane jobbar mykje og variert med dei same orda og setningane, i nettressursen, i STL+-oppgåver og på arbeidsark for at lese-, lytte- og skriveferdigheitane skal automatiserast. Arbeidet med desse ferdigheitane i NorskPluss Alfa bør skje parallelt med trening i munnleg norsk.
Les meir og Prøv sjølv Sjå video
PÅ DATA OG PAPIR: Hovudkomponenten er ein omfattande nettresurs for nettbrett og pc. Utskrivbare arbeidsark supplerer oppgåvene i nettressursen.
Forfattarar: Eli Karin Tjørhom og Anne Marie Eiby
NorskPluss Alfa er utvikla av Kunnskap.no med støtte frå Utdanningsdirektoratet. Grunnskolar og videregåande skolar kan få støtte til innkjøp gjennom Den teknologiske skolesekken